Statkraft is hiring a

Driftsingeniør

Gaupne, Norway
Full-Time

Tykkjer du det verkar spanande å jobbe med tryggleik i grensesnittet mellom teknikk, miljø, vassdrag og kraftmarknad? Der du vil ha ei sentral rolle i styring av 10 % av Norge sin kraftproduksjon. Statkraft region Midt-Norge søkjer etter driftsingeniør.

Med våre produksjon- og reguleringsanlegg har me fått tildelt eit stort ansvar med å forvalte desse til det beste for samfunnet. Me skal sikre tilgjengelege anlegg slik at det er straum og lys i alle heimar. Med eit stadig meir variert vær, er vatn- og flaumhandtering i våre regulerte vassdrag ei viktig oppgåve.

Du skal styre og overvake produksjonsanlegga som i dag består av 35 vasskraftverk og 7 vindparkar frå Sognefjorden i sør til Fosen i nord. Der skal du utøve funksjonen leiar for kopling og planleggje kraftproduksjonen i nært samarbeid med marknadsmiljøet i Oslo og kollegaer i våre kraftverk. Du vil også ha ei viktig rolle i beredskapssamanheng. Arbeidet vil bestå av kontinuerlege skift, og du vil inngå i eit triveleg og sterkt fagmiljø. Produksjonsavdelinga består av 14 tilsette, og har ansvar for produksjonsplanlegging, vedlikehaldskoordinering, døgnkontinuerleg styring og overvaking av regionen sine produksjonsanlegg. Har du lyst å utgjere ein forskjell i eit veksande selskap, oppfordrar me deg til å søkja!

Du vil bli ein del av ein kjekk gjeng som har kontor i framifrå flott natur. Me ynskjer at det skal vera lett å trivast hjå oss, og dei gode diskusjonane kan ein ta over ein kaffikopp eller på ein tur i vår vakre bygd blant fjord, fjell og bre. I Sogn kan du dyrka interesser som klatring, jakt, fiske, sykkel, ski før og etter jobb!

Kven er du?

Me ser etter ein initiativrik og framoverlent person som ynskjer å bidra til gode leveransar for Statkraft. Våre leveransar er resultatet av eit godt samarbeid, me søkjer etter ein lagspelar som kan bidra til at me gjer kvarandre gode.

  • Du har fokus på tryggleik i ditt dagelege arbeid med energisatte system
  • Du har fokus på bærekraft og miljø i ditt arbeid knytta til vassdrag og vindparkar
  • Høgare teknisk utdanning tilsvarande bachelornivå, innan elektro, elkraft eller energi og miljø
  • Du kan vera nyutdanna, då grundig opplæring vil bli gitt
  • Du må beherske norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
  • Du held hovudet kaldt i tidvis hektiske situasjonar
  • Du er endringsvillig med gode samarbeidsevner
  • God IT-kunnskap og handterer databaserte styringssystem
  • Kunnskap og kompetanse innen SCADA er eit pluss

Me vektlegg personlege eigenskapar som samsvarar med våre verdiar; kompetent, ansvarleg og nyskapande.

Kva vi tilbyr:

Ei karriere i Statkraft er meiningsfylt – kvar einaste medarbeidar bidreg til ein reell forskjell for samfunnet og vår felles framtid!

  • Unike læringsmoglegheiter på ulike nivå i organisasjonen
  • Sjansen til å utvikle din karriere saman med eit globalt nettverk av leiarar, spesialistar og kandidatar frå ulike land og med ulik bakgrunn
  • Konkurransedyktige betingelsar og velferdsordningar
  • Me er ein arbeidsgivar som set sikkerheita til våre tilsette fyrst. Me meiner at eit trygt og godt arbeidsmiljø er eit spørsmål om valg, ikkje tilfeldigheiter

Statkraft forvaltar kritisk infrastruktur og tenester i fleire land. Søkjaren må være kvalifisert for sikkerheitsklarering og autorisasjon.

Kontaktperson: Vidar Fossøy, Teamleader NMPD - Regional Dispatch Centre. Tlf. 988 81 974

Søknadsfrist: 24.11.24

Apply for this job

Please mention you found this job on AI Jobs. It helps us get more startups to hire on our site. Thanks and good luck!

Get hired quicker

Be the first to apply. Receive an email whenever similar jobs are posted.

Report this job
Apply for this job